Korleis arbeider Gulen for å sørge for heilskaplege tenester til innbyggarane?

Tverrfaglege leveransar krev tilrettelegging i styringsliner og målekriterier. Styringslinene må med jamne mellomrom gåast igjennom. Gulen kommunen har nyleg hatt eit prosjekt for å finne den rette organisering av kommunen vår, slik samfunnstilhøva har utvikla seg.

Organisasjonsstrukturen må vere fleksibel, tene heilskapen og vere tydeleg for dei einskilde tilsette. Vi landa på å endre organisasjonen til å ha ei strategisk leiing som består av kommunedirektør, kommunalsjef helse- og omsorg, kommunalsjef oppvekst og kultur og kommunalsjef samfunn. Stabsfunksjonen ble framheva og det ble satt fokus på å sjå tenestene frå kommunen samla.

Arbeid med ny kommuneplan, samfunnsdel, starta i same periode. Prioritet her har vore å få sett mål som alle einingane saman skal vere med å arbeide inn mot. Innbyggarundersøkingane i samband med dette arbeidet sette òg fokus på heilskapen. Ein tok utgangspunkt i kva dei treng frå kommunen for å oppretthalde trivselen med å bu i kommunen. Strategiane bygger mellom anna oppunder det å legge til rette for at alle kan bidra til eit godt lokalsamfunn.

Kommunen sitt leiarforum, altså alle einingsleiarane i kommunen, har jamlege møter planlagt for heile det kommande året. Denne våren skal det mellom anna arbeidast med å bryte ned måla til kvar eining. Plandokumenta skal omfamne viktigheita av den einskilde tilsette i kommunen. "Samarbeid for utvikling" er Gulen kommune sin overordna visjon nedfelt i vår felles verdiplattform. Visjonen er ein raud tråd for alle våre mål og strategiar.

Kva hindrar eller støtter opp under gode samarbeidsprosessar i kommunen?

Når ein frå nasjonalt hald gir regelendringar, eller nye initiativ og prosjekt for å auke fokus på det tverrfaglege, går dialogen likevel i ulike fagdialogar. Kommunane får auka rapporterings- og plankrav. Det blir ikkje gitt retningsliner over kva dei nye krava kan erstatte. Ved måling av resultat, får ein i beste fall tillegg på rapporteringa. Dette fører med seg at nye oppgåver blir tilført, utan at «gamle arbeidsoppgåver fell bort. Konsekvensen for kommunen er at ein får auke i arbeidsmengde utan tilsvarande auke i dei økonomiske rammene for å kunne oppbemanne med ny kompetanse eller betre ressurstilførsel.

Nye satsingar blir ofte støtta opp med nettverkstilbod eller spørsmål om kontaktpersonar i kommunane. Dette er positive initiativ. Kunne vore betre om ein òg definerte tydeleg kan forventningar ein har til den aktuelle kontaktpersonen, og kva mål ein arbeider inn mot gjennom denne kontaktpersonen.