Tilbake til alle arrangementer

Krafttak for inkludering

Konferansen skal vere ein motivasjonskonferanse for og med aktørar frå privat, frivillig og offentleg sektor som alle jobbar med same mål; Å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv (og dermed redusere ung utanforskap). 

Konferansen skal fremje kunnskap, skape progresjon, setje fokus på gode initiativ, prosjekt og eldsjeler som alle jobbar for same samfunnsoppdrag. 

Formålet med konferansen er:

Å vere eit kraftsenter og nasjonalt nettverk som hevar ambisjonen for kva vi må gjere for å redusere ung utanforskap. Konferansen skal vere ein kanal og ein møteplass som formidlar ny innsikt om temaet utanforskap og kva ein kan gjere for å redusere det. 

Konferansen skal løfte fram: 

Døma på gode initiativ og prosjekt rundt om i landet vårt. Ei hyllest av alle dei som skaper resultat. Oppdatert kunnskap på kva som er årsakene til utanforskapen og kva som verkar for å redusere det. 

Mer info om programmet og påmelding finner du her.

Forrige
Forrige
31. oktober

Workshop: Hvordan kan du bruke Ungdata i din kommune?

Neste
Neste
2. november

Samskaping - er det egentlig mulig?